norsk | english
  SØK
 

Reisemål Årdal


   Du er her: Reisemål Årdal
 

Reisemål Årdal

Årdal - der Sognefjorden går på land.
 
Årdal er inngangsportalen til Jotunheimen. Gjennom Utladalen, omkransa av eit titals tindar høgre enn 2000 meter. Den mektige naturen, som spenner frå Sognefjorden til Noregs høgste fjell, gjev deg mange rike og varierte opplevingar. I tillegg til mektig natur og kultur, har Årdal Noregs største friluftsbasseng!
 
Årdal har mange natur og kulturperler, med Utladalen og Offerdal anlegget "Ne fø sjøen"  som dei mest kjende.
 
Utladalen 
Fossens dal - er også Noregs djupaste dalføre, og ei unik oppleving. Alle årstider. 
 

Her ligger Nord-Europas høgste fossefall – Vettisfossen (275m) – giganten som stuper ut frå Vettismorki. Ved inngangen, ligg Utladalen Naturhus, informasjonssenter med utstilling, film, kafé og ulike servicetilbod. I dalen finn du også imponerande fjellgardar, med servicetilbod og overnatting.

Friluftsbada

Friluftsbada med oppvarma vatn i 3 basseng i Øvre Årdal, samt 2 basseng på Årdalstangen, er ein attraksjon som er svært populær.

 

”Tindevegen”

Fjellvegen som går frå Årdal til Turtagrø gjev, som namnet seier, ein tur langs tinderekkja i Jotunheimen – også kalla Noregs tak.

 
”Noregs tak” ser du og om du går/syklar gamle riksvegen (Rv 53) frå Sletterust og til ”1000 meteren”. Ein luftig tur!
 
 
 
Årdal

Der Sognefjorden går på land.

 

Utladalen - porten til Jotunheimen.

Tindevegen - fjellvegen langs Noreg høgste fjellrekke

 

 

 
  Årdal Utvikling | Postboks 126 | 6881 Årdalstangen | Tlf +47 57 66 11 77 | Fax +47 57 66 16 53 | post@ardal-utvikling.no | Login